Krossvandring og påsketidvandring
Krossvandring og håpsvandring - eit tilbod til kyrkjelydar i heile landet
-
Alder
0-2, 3-5, 6-8, 9-12, 13-15, 16-18, voksne/familie -
Laget av
Balestrand sokn -
Publisert
31.01.2023 -
Oppdatert
29.02.2024
-
Beskrivelse
Gjer påska sin bodskap synleg
Korsvandring og påsketidvandring - på bokmål og nynorsk
Desse vandringane kan brukast på fleire måtar, i samlingar med born og konfirmantar, som stasjonar i ei vandregudsteneste eller som ei kort pilegrimsløype.
De kan montera plakatane på plater og henga dei opp på kyrkjeveggen, rundt på kyrkjegarden eller langs ei turløype. De kan òg bruka dei inne i kyrkja.
Det er 2 sett, kvart med 15 plakatar. Dei formidlar påska sin bodskap i ord og kunstbilete. Begge setta vert laga på nynorsk og bokmål.
Korsvandringa har vi kalla VIA DOLOROSA. Krossvandring er ein gamal tradisjon i fastetida og særleg på langfredag. Serien vår inneheld det økumeniske utvalet av bibeltekstar for krossvandring, frå Getsemane til Golgata.
Håpsvandringa VIA LUCIS oppstod i Italia i 1988. Tanken er å formidla Jesu oppstode til ei verd som treng håp og lys. Via Lucis tyder lysvegen. Denne serien startar ned den tomme grava og held frem til Jesus si himmelferd og lovnad om at han er med oss. Serien kan brukast frå påske til pinse.
Kvar sett har ein informasjonsplakat og plakatar til 14 stasjonar. Kvar plakat har ein bibeltekst som er illustrert ned eit bilete av kunstnaren Magne V. Kristiansen. De kan sjå gjennom plakatane her: plakater fra korsvandring og påsketidsvandring.
Bibeltekstane er henta frå Bibelselskapet sine omsetjingar Bibel2011 og Lukas - lett å lesa. De kan velje mellom NYNORSK OG BOKMÅL.
Plakatane er framstilte i A3 format i plast som toler utandørs bruk. Dei vert trykte i lysete fargetrykk på PP-film av FluorLux AS i Stryn. Vi har gode erfaringar med haldbarheit i fleire år.
Plakatane bør monterast på stive plater.
Pris pr serie kr 2500. MVA og frakt kjem i tillegg. Overskotet frå salet går til Det norske misjonsselskap sitt arbeid i Mali.
Trykk her for bestilling og meir informasjon.
Kontaktperson: Sokneprest Kjetil Netland Epost: kjetil.netland@sogndal.kyrkja.no
Tlf: 476 28 555