Evaluering av kyrkjevalet
No er evalueringa frå kyrkjevalet 2023 klar. Evalueringsrapporten er skriven av administrasjonen i Kyrkjerådet og skal handsamast på kyrkjerådsmøte denne veka.
No er evalueringsrapporten frå kyrkjevalet 2023 klar. I tillegg til den interne evalueringa som er gjennomført av Kyrkjerådssekretariatet, har Internettvalstyret gjort ei eiga evaluering av digitale val og den digitale førehandsstemminga.
– Evalueringsrapporten byggjer mellom anna på spørjeundersøking til valmedarbeidarar i soknet, innrapporterte data i valmodulen og evalueringsrapportar frå bispedømeråda, seier Torbjørn Backer Hjorthaug. Han er avdelingsleiar i juridisk avdeling i Kyrkjerådet.
– Takk til alle medarbeidarar som har delt av sine synspunkt og erfaringar frå valjennomføringa!
Vidare prosess
Evalueringsrapporten vert handsama på møte i Kyrkjerådet, fredag og laurdag denne veka.
Erfaringane frå kyrkjevalet 2023 tilseier at ein fram mot neste val bør gjere meir gjennomgripande endringar i kyrkjevalreglane. Kyrkjerådet vil etter planen få ei sak om overordna problemstillingar i september 2024.
Saka kan mellom anna omfatte spørsmål om digitalt og fysisk val, tid og stad for valet, samansetning av Kyrkjemøtet og aktuelle forenklingar i regelverket.
Forslag vil bli sendt på høyring med sikte på at Kyrkjemøtet i 2025 kan gjere vedtak om retninga vidare. Deretter vil forslag til konkrete reglar bli sendt på høyring, slik at Kyrkjemøtet kan treffe vedtak i 2026, i tilstrekkeleg tid til kyrkjevalet i 2027.
Les sakspapira her: