Kirken logo

Hundre år med nynorsk salmebok

I år er det hundre år sidan den første salmeboka kom ut på nynorsk. – Bli med å feire nynorsken, oppmodar preses Olav Fykse Tveit.

Hundre år med nynorsk salmebok
Publisert 10. juni 2025
Oppdatert 10.06.2025

Språk er ein viktig identitetsmarkør. For mange er nynorsk hjartespråket, det som ligg nærast talemåten og dialekta ein har. 

– Eg håpar mange kyrkjelydar vil vere med å markere dette jubileet. Bli med å feire nynorsken, på gudsteneste, institusjonsandakter, salmekveld eller anna, seier preses Olav Fykse Tveit. 

Denne veka skal han delta på Dei Nynorske Festspela i Ørsta, der det vert markert hundre år med nynorsk salmebok.

Syng nynorsksalmar!

I Norsk salmebok 2013 er det 366 salmar med nynorsk tekst, så det er mange å velje mellom. I salmedatabasen er det også fleire nye salmar på nynorsk tilgjengeleg.  

Preses Olav Fykse Tveit håpar mange kyrkjelydar vi vere med å syngje nynorsksalmar, i gudsteneste eller ved å arrangere ein salmekveld, der ein berre syng nynorsksalmar, til dømes med ein spesifikk diktar eller salmar som er frå det aktuelle bispedømet.

Salmesong på vikande front

I breidda av befolkninga er allsong generelt og salmesong spesielt på vikande front. Det kan ein merke i skulegardar på 17. mai, i julegudstenester og i gravferder. Mange opplever ein terskel for å stemme i – og ein kan ikkje gå ut ifrå at «alle kan» ein song.

Eit salmejubileumsår kan også inspirere til ei nytenking og nybruk av salmar. Ein kan spørje seg kva nytt kan salmane skapa? Kva rolle kan salmar ha for folk – for dei som freistar å syngje, og for dei som ikkje syng lengre? Kva kan ei salme vere, og få oss til å gjere?

Utarbeidd av Hovden, Støylen og Hognestad

I 1925 kom for første gang ut ei salmebok på nynorsk. Den var utarbeidd av sokneprest Anders Hovden saman med biskopane Bernt Støylen og Peter Hognestad.

Salmeboka vart revidert i 1927, og i 1940 hadde om lag kvart fjerde sokn teke den nynorske salmeboka i bruk.

Av dei 711 salmane i første utgåva av nynorsk salmebok, dikta eller omsette Hovden over 200 av salmane.

I 1985 kom Norsk salmebok, som inkluderte salmar på nynorsk og bokmål – i tillegg til samiske språk. Den vart revidert og no nyttar dei fleste Norsk salmebok 2013 –framleis er det 25 salmar som Anders Hovden har omsett.

Nyttige lenker:

Om Norsk salmebok 2013 i ressursbanken

Bli medlem i Kyrkjemållaget (Noregs mållag)

Bla i nynorsk salmebok frå 1925 på Nasjonalbiblioteket

Sjå ressursar på Mållaget si nettside: 100-årsjubileum for Nynorsk salmebok