Kirken logo
Etter skuletid

Etter skuletid

Open kyrkje etter skuletid

  • Alder
    9-12
  • Laget av
    Ål kyrkjelege fellesråd
  • Publisert
    30.06.2021
  • Oppdatert
    05.08.2024
  • Beskrivelse

    Utviklet med støtte fra Størst av alt - Trosopplæring i Den norske kirke

     

    Etter skuletid er eit tilbod for born på 4.-7.trinn. Kvar måndag har me open kyrkjestugu/kyrkje slik at borna kan komme å vere der. Mat , lekser, aktivitetar og samtale vil vere ulike programpostar. Me ynskjer å ha god tid til berre ”å vere” slik at me kan skape eit godt miljø.

    Gjennom «Etter skuletid» er målet at borna skal møte vaksne med god tid. God tid til lekser, til leik, til prat. «Etter skuletid» skal bidra til å skape gode rom og vere ein motvekt til noko av den mediebaserte kulturen som gjev born og unge lite pusterom / frirom.

    Vi har fått samarbeid med skolen, slik at invitasjonar blei delt ut til alle frå 4.-7. trinn. Vi har no forankra arbeidet lokalt og kommunen vil støtte tiltaket økonomisk frå og med hausten 2021.

    Plan for dagen: Eit døme på korleis «Etter skuletid» kan vere i praksis.

    Invitasjon: Invitasjon til Etter skuletid hausten 2019.

                      Invitasjon til Etter skuletid hausten 2020.